We’ve updated our Terms of Use to reflect our new entity name and address. You can review the changes here.
We’ve updated our Terms of Use. You can review the changes here.

Tidarkverv

by Moreld

/
1.
Morgonroden 03:22
Drøymer om tider utan snjo i heia Det blenkjer enno kaldt i frost på stille tjønn Leikar mot sumar, ler, kan ikkje teia For under is ligg smil og glimtar friskt i varme drønn Skuta siglar inn i morgonstund Morelden dansar Riket vaknar langsamt frå sin blund Fyll våre segl med storm Skuggane flyktar, mørketida rømer når sola syner seg i eld og fargeprakt Nytt liv som spirer, visne vekstar blømer Det brusar blidt i li og alt er kledd i festleg drakt
2.
Månereiret 03:37
Det raslar i daude kvistar der han spring snåvar han kan skimta gretne vargar som jagar Det stirer i kvasse augo rundt ikring kviskrar det frå svoltne gamle villdyr som klagar Der skogen er som myrkast, ein ljosning opnar seg og syner diket so stilt og underleg I gråljoset ser han månen som ein sigd spegla seg og kringom vatnet kveser hans marer Han stuper i svarte djupet og med frygd skjøner han her finn han vern mot øydande snarer Han sym opp mot ljoset, letta fær han sjå vargane dei flyt som slappe skrottar i vika Han ris opp or vatnet, krafta strøymer på styrkjande for lagt i grav er såra og svika
3.
A og Å 03:33
Eg høyrde røysta let so eg laut snu Og skoda kven det var som med meg talte Der midt imillom ljosestakar sju ein konge gåtor for meg malte A og Å! Eg ottast ikkje meir, du livsens rot. Å! Eg sleikjer dusti av din fot. Ja, fagert tykkjest meg det augo såg Ein storslått fyrste kledd i blodraud bunad Eit belte smidd i gull um lende låg Med herlegdom var kongen kruna Hans hovudhår var kvitt som ull og snjo Og augo blenkte som ein eld, ein loge Ja, føtene dei glitra som ei glo Som fossen gjel han kvad ei soge Dei stjernor sju han heldt der i si hand Og sverdet, kvast um eggjen, sto or munnen Hans andlet skein, som sol i kraft det brann Eg fall ned som ein daud til grunnen
4.
Solarglad 04:54
Med underleg venleik seg målar so mildt, dei eldraude sju admiralar. Det leikar i augo, dei gret då so stilt, når lauvet i dauden det dalar. Vakna nordavind, kom du sunnavind, blås igjøno hagen min so angen fær strøyma. Som solarglad kjem med sitt gull og sitt blod, dei auser or hjarto sin varme, og breiar eit slør som ein nærande snjo, so dauden fær syna sin sjarme.
5.
Tidarkverv 03:15
Framande hovdingar pakta våre gardar Skodda låg tett i det gamle fedreland Møya ho vaks og dei sløkte våre vardar Trælane sprakk titt i kvar ei utmødd hand No kved i fryd, reis merkjestong for folka, for dei som leid hev fengje odelslut Drag ut, ja drag ut igjennom portar tronge Rydd, ja og rydd so ein stig for ferdamenn Bygg, ja og bygg trutt ein veg for heimsens konge Brøyt, ja og brøyt brauti fri for stein igjen Åket vert lyfta frå oksler som var tyngja Arven vert dobbel for kvar ein trugen mann Lekkjene losnar, og saman vil me syngja Dei utløyste jublar med hjarto kveikt i brann

about

Moreld is a folk/black metal band from the west coast of Norway and "Tidarkverv" is their first EP, which was released originally in 2011.

The music is very melodic and reminds you of the old norwegian folk music tradition. The harding fiddle plays an important role, and you will also hear instruments like accordion, trombone and cembalo. Combined with the metal guitars and drums you get a unique soundscape.

credits

released June 1, 2011

Moreld consists of Trine, Rune, Aleksander and Reidar.

license

all rights reserved

tags

about

Nordic Mission Norway

Nordic Mission is a Norwegian distro and label est 1997. Physical copies of most of our stuff is available in the webshop - feel free to check it out!

The distro focuses on metal with a christian message, or lyrical content we find positive or inspiring.
... more

contact / help

Contact Nordic Mission

Streaming and
Download help

Shipping and returns

Redeem code

Report this album or account

If you like Tidarkverv, you may also like: